onsdag 13. mars 2013

- dagen for Schônbrunn

- eg har nett skrive eit langt - langt FjesBokinnlegg som datt ut fordi nettet datt litt ut...
Her kan eg i det minste lagre etterkvart!
Eg sit i eit frukostrom med 1,5 meter prismelysekruner som heng i 1,5 meter ledningar og dei heng 2,5 meter over parketten. Det er fresker - freskeliknande måleri på veggane. Taket har bogande kvelvingar og utsikt over det som er Siegmund Freuds park - om det ikkje var den parken nedanom...

Etter ei lang reise med nattbussen og venting sidan flyet skulle gå 5 timar etterpå - 2 timars flytur og eit kort flytogtur til byen og ein bybanetur, var vi på hotellet i 16-tida på måndagen.
Ulrike tok oss med på ein lang spasertur i byen på breie avenyar og små smale krinklete geiler - over store plassar med gedigne statuar og tur innom bakhagar og gjennom museumshallar og opera og ballsalane i byens rådhus og fortellingar om bygg og gater og historier frå førhabsburgstid til moderne tid...

Vi avslutta i ein av restaurantane i området der elva Wien er regulert under gateplan, der det er marknadsboder og restaurantar frå "heile verda". Der åt vi fylte pannekaker til middag og dessert...

I går gjekk eg og romkameraten på Europas største stoffbutikk og eit møbelmuseum med møblar og utstillingar frå habsburgerane til moderne tid - og eit møbeldepot med store mengder møblar stabla opp på kvarandre... Vi tok bilete av alt vi rakk - for å nyte det når vi kjem heim.
Vi gjorde dette før vi møtte Ulrike på Hotel Sacher klokka 13.00 - og åt naturlegvis Sacher Torte!

Resten av dagen hadde eit underjordisk tema:
Vi var med på ei "ordinær" omvisning i katakombene under Stefansdomen, deretter møtte vi leiaren for museumsdelen av Stefansdomen og fekk ei omvisning på stadar turistar ikkje får gå...

Etterpå var det omvisning i ei kyrkje under jorda - med inngang frå undergrunnsbana! Vanlegvis ikkje tilgjengeleg for nokon, sidan den held på å verte øydelagd trass i eit sinnrikt system av rett temperatur og fuktigheit. Etterpå  det vesle romerske museet i mange høgder, - dei to siste stadane med omvisning av ho som laga museet - kuratoren - ei venninne og tidlegare kollega av Ulrike...
- slikt kan ein oppleve når guiden vår Ulrike, er lokalkjend på så mange måtar!
Vi åt middag på ein restaurant under jorda - eg åt knødel, surkål og kjøt, men eg kom meg heim trass i at føtene og ryggen var utslitne...

I dag er det Schönbrunn med mannen til Ulrike...
bilete og meir historie kjem når eg er heimkomen - men før påske!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar